Karriererettleiing for vaksne

 

 

Møre og Romsdal fylkeskommune har starta eit tilbod om gratis karriererettleiing for vaksne i fylket. Tilbodet har fått namnet Karriere Møre og Romsdal.

Med Karriere Møre og Romsdal har fylket fått eit desentralisert tilbod, også til vaksne. Den formelle oppstarten var i midten av november, men allereie før jul rakk mange å få rettleiing.

Kortreist rettleiing

- Fylket vårt har ein geografi som gjer det tidkrevjande å reise. Vi ynskjer at innbyggarane skal få rettleiing så nær der dei bur som mogleg. Vi har derfor eit korps av rettleiarar på seks stader i fylket: Kristiansund, Surnadal, Molde, Åndalsnes, Ålesund og Volda, seier Rose Mari Skarset, rådgivar på utdanningsavdelinga.

Talet på folk som søkjer rettleiing blir spanande å sjå, på landsbasis varierer talet frå 100 til over 1600 mellom fylka.  Statistikken viser at mange unge vaksne tek kontakt. Det er ei overvekt av kvinner, og dei fleste som vil ha rettleiing, er allereie i arbeid. 

Läs mer