Studieforbundet kultur og tradisjon ny medlem i FNV

 

 

Vid FNV:s årsmöte i Kungälv den 20 september  hälsade förbundet en ny medlemsorganisation från Norge välommen, Studieforbundet kultur og tradisjon.

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for 32 friviljuge organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur: husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie med meir.

Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

Opplæringa skjer på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, til formell kompetanse og studiepoeng.

For studieforbundetKultur og tradisjon  er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning.

Välkommen till oss, säger  FNV!