16/02/2023

Norge

Voksnes læring, Voksenopplæring, Utdanningspolitikk,

Innspel til nye læreplanar for grunnskole for vaksne

No ligg dei fyrste versjonane til utkast til nye moduliserte læreplanar for førebuande opplæring for vaksne (FOV) ute til innspelsrunde.

Nye læreplanar til innspelsrunde for grunnskule for vaksne

Nye læreplanar til innspelsrunde for grunnskule for vaksne

Dei nye Læreplanane skal erstatte læreplanane i grunnskule for vaksne og forsøkslæreplanane i modulforsøket frå 1. august 2024. Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) ønskjer å motta innspel allereie i den tidlege fasen i prosjektet.

Det er totalt sju arbeidsgrupper som har jobba med dei fyrste utkasta til læreplanar for FOV i faga: norsk for språklege minoritetar, norsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag, engelsk, samt ein grunnmodul for deltakarar som ikkje har lært å lese og skrive tidlegare. Det blir utarbeidt i tillegg utkast til modulstrukturerte læreplanar i 13 lærefag for vidaregåande opplæring for vaksne (VOV).

Dei nye læreplanane for vaksne skal både vareta vaksne og dei med eit andrespråk, samt leggje til rette for at deltakaren sin medbringa kompetanse og erfaringar, ulik kulturelle bakgrunn og fleirspråklege ressursar anerkjenna og kan brukast aktivt i opplæringa. Planane skal også leggje til rette for ei fleksibel, tilpassa og effektiv opplæring for vaksne. Målgruppa skal etter kartlegging begynne på ulike modular i dei faga som inngår i opplæringa for den einskilde. Det er inga standardisert lengd på modulane.

Læreplanutkasta er under tidleg utvikling, men du kan hjelpe med-, samt lese innspel rundt: Relevansen og den sentrale til faget verdiar, kjerneelement tilpassa ei vaksen målgruppe, tverrfaglege tema i faget, kompetansemål for modul 4 for å vise avsluttande nivå, kompetansemål for modul 1 for å vise nivået ved starten av opplæringa.

Sjølve innspelsrunden til både FOV og VOV er på nettsidene til Utdanningsdirektoratet, gjennom lekkjene på denne sida: https://hkdir.no/aktuelt/gi-innspill-til-nye-laereplaner-for-grunnskole-for-voksne. Frist for å kome med innspel er 27. februar 2023.

Flere nyheder fra NVL

Nordiske initiativer under Det Europæiske År for Færdigheder.

03/07/2024

Norden

NVL støtter Det Europæiske År for Færdigheder, og på denne siden kan du læse om nordiske uddannelsesinitiativer, som er blevet sat i gang for at hjælpe nordiske borgere med at få de rette færdigheder til kvalitetsjob.

Guðmundur Ingi Guðbrandsson, sosial- og arbeidsmarkedsminister, og Jón Gunnar Þórðarson, administrerende direktør i Bara tala.

01/07/2024

Island

I et betydelig skritt for å styrke islandsk språkopplæring har regjeringen forbedret tilgangen til “Bara tala”-appen.

Folkfest när Björneborg bjuder in till samtal.

28/06/2024

Finland

Årets upplaga av Suomi-Arenan är full av sol, pratsamma människor och samtal. Finlands svar på Almedalsveckan är en avspänd affär.

Share This